Paul og Otto fant savnet mann

Paul og Otto fant en savnet mann på Moster natt til mandag den 28. januar. Avisen Sunnhordland skrev en artikkel om saken og, i anledning leiteaksjonen som våre ekvipasjer deltok i, en leder om det arbeidet som vi frivillige legger ned. Artikkelen og lederen er gjengitt under.


Livsviktig innsats

Søndag kveld vart ein mann meldt sakna på Bømlo. Han hadde ein demenssjukdom, og hadde vore sakna sidan laurdag kveld. Politiet sette i verk ein større leiteaksjon, og rett før klokka 03 natt til måndag vart mannen funnen. Han var då sterkt nedkjølt, og hadde han ikkje vorte funnen på det tidspunktet, vill truleg saka fått eit anna og langt meir tragisk utfall, ifølgje politiet.

Seks timar tidlegare fekk Paul Enoksen, busett på Hommersåk i Sandnes kommune, ein telefon frå politiet om han kunne vera med på eit søk lengst nord i politidistriktet. Det kunne han, og rundt midnatt var Enoksen og border collien hans, Otto, på plass. Ekvipasjen er ein del av Norske Redningshunder. I tillegg til dei, var det også med fleire andre redningshundar frå Haugesund, politi, andre frivillige og redningsskøyta. Oppdraget til hundeekvipasjen var å søkja ved ein tursti, saman med ein kjentmann. Og knappe tre timar seinare fekk dei full klaff, og fann den sakna på ein stad det var ulendt terreng og vanskeleg å komma til.

Otto er ein av mange redningshundar som er med på ulike typar redningsarbeid, primært å leita etter sakna. Årleg er Norske Redningshunder, som er organisasjonen dei tilhøyrer, med på rundt 500 redningsaksjonar. Det er politiet og hovudredningssentralane som tilkallar slik hjelp ved behov. Norske Redningshunder er ein frivillig organisasjon som trenar hundar og førarar for slike aksjonar, og dei er ein viktig aktør i den norske redningstenesta.

For berre to veker sidan var det ein leiteaksjon på Stord, der også den sakna vart funnen av ein hundeekvipasje. Det tek fleire år å trena opp ein hund, og me vil nytta høvet til å rosa dei som legg ned pengar, tid og innsats for slike viktige og livreddande oppgåver.


Magne Kydland
Ansvarleg redaktør

sunnhordland.no

cid:image002.png@01D1CBD4.6A48B470

Legg igjen en kommentar